Reisa til mjuk

Det tok si tid dette
å kvitte seg med rustninga. I den gamle
kledninga vart eg til sist einast
hylla av gneisen i berget,
berre dei gamle fjella
nikka anerkjennande

Heile tida sterkare,
heile tida hardare,
ikkje ei bivring i bringa
var lova som gjalt,
ikkje ei tåre måtte falle

Men etter dei mange mil med mørke,
etter at skredet hadde gått inne i meg,
bøygde eg meg til bakken,
der vaia
mjuke strå, der
kviskra den underfundige mosen
om ein viktig løyndom

og eit skjelvande
lauvblad fall

Godt sagt! (0) Varsle

Sist sett

Anniken RøilAnne-Stine Ruud HusevågKirstenRoger MartinsenKjell F TislevollHarald KTonesen81LaddenPia Lise Selnesmary (marvikkis)Mads Leonard HolvikCecilieanniken sandvikPiippokattaHarald AndersenEivind  VaksvikEirin EftevandJulie StensethJesper HjellnesSigrid NygaardStig TTone SundlandMorten MüllerLilleviEvaMarianneAvaMartaifartaStein KippersundritaolineHeidi BLailaMarteKaramasov11Berit RJannaCecilie EllefsenCarine OlsrødSolveigEllen E. Martol