når alt dette skjer, når dei fine trådane blir slitne tvers
over og det stumme skriket lamslår alt som er i rørsle, alt
som er
fastbolta, når himmelen viklar seg saman til ein
forferdeleg
knute
legg du armen kring skuldrane mine og
slepper meg aldri