Legevisitt
Innimellom
synest eg du liknar ein profet
som har stige ned frå fjellet.
Langt over mi verdigheit
skrid du inn i mit vilkårlege kaos.
Der sorterer du det harde
frå det mjuke, og syner
med formanande peikefinger
vegen mot det lova landet.