(… ) der framom meg ser eg omritet av noko som liknar på eit menneske. Eit lysande omrit som blir tydelegare og tydelegare. Ja eit kvitt omrit der i mørkret, der framfor meg. Er det langt framfor meg, eller er det nær meg. Eg kan ikkja seia det sikkert. Det er uråd å seia, ja om det er nært eller fjernt. Men det er der. Eit kvitt omrit. Lysande. Og eg trur at det kjem gåande imot meg. Eller gåande. For det går jo ikkje. Det kjem liksom berre nærare og nærare. Og omritet er heilt kvitt. No ser eg det tydeleg. Ja at det er kvitt. Kvitleiken. I det svarte mørkret blir han så tydeleg.

Godt sagt! (1) Varsle

Sist sett

VannflaskeHildeLill EilertsenAnn Helen ELaddengretemorLinnAEAvaHeidi Nicoline ErtnæssveinLilleviEivind  VaksvikKirstenVibekeGrete AastorpKathrine AndersenLisbeth Marie UvaagTanteMamieIngvildJulie StensethMads Leonard HolvikNorahTor-Arne Jensenmary (marvikkis)Ina Elisabeth Bøgh VigrePiippokattaBjørg Marit TinholtRandiAToveAud- HelenHeidi HoltanGS AIrene RognmoKristinNinaBeathe SolbergTonje SivertsenBård StøreHarald KOda Marie H