Han smilte forståande. Mykje meir enn forståande, eigentleg. Det var eit av desse sjeldne smila du kanskje opplever fire-fem gonger i livet, eit smil som fyller deg med evig tillit. Ein augneblink verka det som om det omfamna heile den evige verda, for så å rette seg mot deg med ein uimotståeleg bodskap om at du var ein utvald. Det forstod deg nøyaktig så mykje som du ynskte å verte forstått, trudde på deg på den same måten som du ynskte å tru på deg sjølv, og forsikra deg om at det hadde nøyaktig det inntrykket av deg som du håpa du gav på ditt beste. I same augneblinken forsvann det – og eg sat overfor ein elegant ung barsking på litt over tretti, med eit talemål så innfløkt og formelt at det grensa til å vere latterleg. Allereie før han fortalde meg kven han var, sat eg med eit sterkt inntrykk av ein mann som valde sine ord med omhug.