Du tek det du har. Og viss du ikkje har så mykje, må du finne på noko. Og viss det du har, er at plassen din liknar på ein annan plass, så bruker du det. Det er for eksempel i skrivande stund minst åtte forskjellige plassar i Norge som kallar seg Norges Venezia. Og eg er ganske sikker på at det også finst eit Belgias Venezia, eit Tsjekkias Venezia. For slike lokale profileringsframstøt er sjølvsagt ikkje noko unikt norsk.
På Isle of Anglesey nordvest i Wales ligg Llanfairpwllgwyngyllgogerychwyrndrobwllllantysiliogogogoch. Tidligare var landsbyen kjent under det enkle og greie namnet Pwllgwyngyll. Det blir påstått at namnet blei forlenga på 1860-talet som eit PR-stunt, for at landsbyen skulle tiltrekke seg merksemd og turistar ved å ha det lengste stasjonsnamnet på ein togstasjon i Storbritannia. Llanfairpwllgwyngyllgogerychwyrndrobwllllantysiliogogogoch har framleis det lengste stadnamnet i Storbritannia, og eitt av dei lengste i verden, og tek no imot noko slikt som to hundre tusen turistar i året.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Kirsten LundAvaAlexandra Maria Gressum-KemppiOle Jacob OddenesPiippokattaelmeLailaLilleviCamillaHegeAnneWangPirelliCarl-Erik KopsengKathrineVariosaLinnHilde H HelsethFarfalleDolly DuckTor-Arne JensenMonica CarlsenRufsetufsaElisabeth BækkenKristine LouiseYvonne JohannesenHanne Cathrine AasGodemineEivind  VaksvikG LSigrid Blytt TøsdalHildeBjørn SturødTanteMamieVidar RingstrømNora FjelliTore HalsaSynnøve H HoelKristin_Beathe SolbergLene Nordahl