Dystopiar hjelper meg å vera takksam for alt me har, og for å øva tankane på å kjempa imot, om det blir teke ifrå oss. Eg tenker at verken demokrati eller respekt for menneskeverd er naturlege sluttpunkt i den historiske utviklinga, men resultat av langvarig kamp. Og det kan gleppa.