Konkretisering og levandegjering er over lag typisk for Nygards framstellingsmåte. Dei språklege uttrykka går i tallause avbrigde frå samansetjingar til reine personifiseringar. Diktaren sym i eit skoddehav, men han sym også i lykke, han er sett i lidingslunden, tida spinn gløymslegarn kring minna hans, han sveiper sine ord i silkeklutar og byggjer galge til sin eigen tanke. Dette er ikkje tillærde «figurar», denne uttrykksmåten må svara til ein serskild opplevingsmåte, Nygard opplever i bilete.