Han hadde ein hug full av motsetningar og konfliktar, med bråe omskiftingar. Det gjekk grunnbrot i han. Han stridde for livet i båredalane og stirde inn i trugande trollkjeftar, men han reid også på glitrande bølgjetoppar og kjende seg boren mot eterhimlar. «Flodkjenslene» kunne toppe seg opp til ekstase og visjon, men han ville forgå av vanmod når han ikkje greidde å kle synene i «ljodham», som han kalla det med eit råkande ord. Hans eigenlegaste strid som diktar måtte bli ein strid med og for ordet.