Om du døydde før eg kom hit,
faldar eg dei luftige åra pent saman,
gjev ordet til skogbotnen, til augo på rypa..
Nikkar kanskje til deg på veg forbi.
Det menneskelege er ein liten sprekk i berget,
eit søkk i tida: Det enklaste språket så tungt
å snakke flytande, sjølv om vatnet
ustanseleg renn over og igjennom det,
holar det ut.

Om eg døydde før du vakna,
står du ein morgon i ein forlaten verkstad,
dreg fingrane langs tomme soklar, halvferdige
kroppar, trestokkar fulle av løynde dyr.
Korleis få auga på dei, langt der inne?
Knuste andlet spreidde ut over golva.
Sol på støvet- du leitar etter reiskapen.
I graset mognar froskens grøne ungdom
like fordømd.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

PiippokattaJulie StensethKirsten LundTralteEivind  VaksvikTanteMamieMads Leonard HolvikMcHempettTine SundalFrode TangenBjørg Marit TinholtHarald KDemeterKristineAnette SAnette Christin MjøsVigdis VoldNorahVannflaskeIngvild SJohn LarsenAneedgeofawordEgil StangelandInger-LiseAstrid Terese Bjorland SkjeggerudEster SBeate KristinMalinn HjortlandLinda NyrudAndreaPirelliHilde H HelsethTurid KjendlieMarit HøvdeTone HmarvikkissomniferumLene AndresenHelge-Mikal Hartvedt