Tinga
1
Kva ting eg
treng? Slepp alt
som ikkje lenger har kroppstemperatur:
det,og den,alt du eig
like mykje som fullmånen. Snart
blir plassen din ledig, så
gjev den frå deg, stykke for stykke, nytt
kvart minste høve, kven
treng det, kan nokon
trenge den, start no, bli ferdig i tide,
så arven rekk til alle.