så legg han armane sine kringom Alida og så held han henne inntil seg og så sit dei der og kjenner på kvarandre og dei kjenner at dei høyrer det same og dei kjenner at dei no svever saman og er saman i svevet og Asle kjenner i seg at han bryr seg mykje meir om Alida enn om seg sjølv og at han vil henne alt godt som i verda finst til