Finst tilgiving mellom menneske i rein form? Ho finst kan hende i teorien, som ein idé, noko å lengte etter, fantasere om, men som realitet? Gjort er gjort, og einkvan må ta ansvar for hendinga og følgjene. Eg tek gjerne ansvar, men å tilgi eit svik heilt utan vilkår og forventing? Den gåva vil eg ikkje gi deg, seier eg ikkje til bakhovudet på far min. I tenåra ville eg ha tid med deg, nokre gylne augneblikk der vi samtala om noko viktig, krangla om noko endå viktigare og gjorde noko fint saman som kunne hjelpe meg med å byggje meg sjølv opp att der eg plutseleg stod, morlaus og i praksis familielaus. Du sa nei. No må eg barrikadere meg mot nye nei. Tilgiving kan ein gi nokon som skumpar ut ølglaset sitt på ein konsert eller bulkar bilen eins eller noko.