UNDERTRUISK

Som å treffa den neste tonen.
Alt spelet som finst i det samspelet
ein lang samtale er. Smil. Små rørsler.
Lyfta eit augebryn, tromma lett med
to fingrar.
Du fekk meg til å forstå at eg hadde
vore undertruisk for lenge. Eg trudde
ikkje der tru trongst. Der tru kunne opna
og famna inn ein større fylde.
Som humlene sine revebjøllekyrkjer. Elvenektar
og dagslysets manna.
Eg snudde meg for å gleda deg med
ei endring eg visste du ville lika, og du skuffa
meg med å ha vore død i mange år.
Eg kunne ikkje lenger hugsa korleis
hausten lukta, utan å minnast fargen
i kleda dine først.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Bjørg RistvedtAnne-Stine Ruud HusevågMarenHilde H HelsethBård StøreDemeterPiippokattaIreneleserLilleviHarald KAnitaKirsten LundNicolai Alexander StyveLesevimsaNinaEivind  VaksvikBritt ElinEgil StangelandAlice NordliPer Åge SerigstadsiljehusmorLene Nordahlingar hTone Maria JonassenSigrid Blytt TøsdalLars Johann MiljeAnita NessBeathe SolbergBerit RAnn ChristinSynnøve H HoelCamillaMarit AamdallittymseIngebjørgDaffy EnglundFiolIngeborg GElisabeth SveeHeidi