"Livet ligg bak oss alle som ein ledning, eller eit tau å gripa fatt i, stekka armane ut frå kroppen til begge sider for å kveila det saman i like store ringar du anten kan bera over skuldra eller henga frå deg og festa til ein krok på veggen, velordna, slik at etterkommerane, om dei vil, kan ta det ned og strekka det ut, for å ha noko å halda seg til når du går ut av historia."