FEBERFANTASIAR

Me tok oss gjennom kratt av dagar
villniss av kveldar, junglar av år
utan å ane kvar me var på veg
Men mødrene var trufaste ved sida vår
kvar kveld og me trudde fullt og fast
at dei alltid ville vera der
Dei kom med vatn til nattbordet
dersom den oppdagingsreisande
hadde fått feber eller utslett
Den dagen me brått fekk eit glimt
av det uuthaldelege; at dei ikkje
alltid ville vera der
var me ikkje lenger
det barnet me hadde kome inn
i verda som

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Jørgen NAliceInsaneVibekemgeBerit RKirsten LundTom-Erik FallaHilde VrangsagenTine SundalBritt ElinVidar RingstrømAlice NordliElisabeth SveeMads Leonard HolvikGro Anita MyrvangSynnøve H HoelMarteAud- HelenAstrid Terese Bjorland SkjeggerudPirelliMorten MüllerGodeminePiippokattaFredrikKjerstiDressmyshelfandrea skogtrø egganEli HagelundStine AskeTrude JensenTrygve JakobsenLinda NyrudJulie StensethEvaMonica CarlsenHarald KIris ElisaNorahBeathe SolbergMats L.