FUGLEKONGEN

Fuglekongen er så liten at du ikkje merkar det
om nokon puttar hundre fuglekongar i ryggsekken din.
Men når du opnar sekkelokket, blir du overraska.
To hundre venger piskar deg i andletet.
Hundre små nebb opnar seg og skrik.
Eller syng dei?

Ein fuglekonge kan nesten få plass i øyret ditt.
Er du sikker på at du ikkje har eit fuglekongereir i øyret?
Ja, det kan du vere sikker på,
for fuglekongen syr det finaste reir av spindelvev og mose.
Han henger det opp i ei gran.
Du får sjå etter i juletreet ditt.

Kanskje er fuglekongen like tung som stortåa di.
Det kjem an på kor stor stortå du har.
Fuglekongen er Europas minste fugl.
Du har kanskje ikkje Europas største stortå?

Men også dei små kan vere sterke.
Hugs på det når nokon seier du er liten.
Fuglekongen kan flyge over havet heilt til England.
Det kan ikkje stortåa di.
Du høyrer ikkje kva eg seier?
Kanskje har du likevel ein fuglekonge i øyret?
Best å sjå etter.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Bård StøreTonesen81PiippokattaDemeterVannflaskeBjørg RistvedtVanja SolemdalPirelliNikkaBjørg Marit TinholtEmil ChristiansenKjersti SAvaVibekeReidun SvensliPer Åge SerigstadBertyGrete AastorpStig Tchrister hafsten thorsengHeidi LIngunnAmanda AKserinaEllen E. MartolAkima MontgomeryRoger MartinsenKirsten LundHarald KLene AndresenEvaSynnøve H HoelTonjeRisRosOgKlagingJohn LarsenTheaAnn ChristinRandiAgretemorTone H