Eg kjem frå ein stad der vinden seier seg sjølv.
Gjer seg ikkje til, seier det han seier så det pip mellom novene, susar i nakne og
krumbøygde rogner, brusar og buldrar, symfonisk og salt.

I sengene vaknar det nakne hjarte. Dei gjer seg ikkje til, vaskast der saltvatn
sprengjer og flør. Står opp i trehus, går knirkande trapper og ser gjennom glas
med gråkvite render på lys som minkar og veks.

Eg kjem frå ein stad der båtar går ut i grålyse timar, der grå mus raslar i gulgammalt
gras. Det finst steingardar der og sprokne, opprivne kystar og sjeler. Folk veit
ikkje kva dei skal seie. Men vinden sier seg sjølv.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Hilde Merete GjessingVibekeTheaTherese HolmHarald KKirsten LundmarithcIreneleserkntschjrldmay britt FagertveitMathiasLene AndresenMorten MüllerReidun SvensliMarenJarmo LarsenGrete AastorpLinda RastenAnniken RøilritaolineAnne-Stine Ruud HusevågEirin EftevandEgil StangelandTatiana WesserlingTherese LierIngunn SLisbeth Kingsrud KvistenGroCathrine PedersenBenedikteRufsetufsaIngeborg GNinaStig TVannflaskeTonjeIvar SandLiv-Torill AustgulenAlice NordliTonesen81