Eg snudde meg og såg Krikkert Kålosen komma strenande bortover parkeringsplassen. «Har du litt tid?» Eg såg forvirra på den høgreiste politimannen, som eg elles kjende best frå julekonsertane med janitsjarkorpset i kyrkja. Han var ein hylar på klarinett, det skulle han ha, sjølv om han hadde ein lei tendens til å rota det til for seg sjølv i privatlivet.