Eg har funne strategiar, ingen som kjennest heilt trygge, men som i det minste skjuler korleis eg vaklar. Favoritten min er å gå inn i rolla som lyttar, å vri lyskastaren mot nokon andre, vekk frå meg sjølv. Det er som regel ei takknemleg rolle, ikkje berre fordi eg sjølv slepp å styre skuta, men ogå fordi det er utruleg mange som likar å prate, særleg når vi dei merkar at nokon verkeleg høyrer etter. Og det gjer eg godt, så lenge det ikkje blir kravd at eg skal kome med stadige kommentarar og eigne vurderingar.