Eg kjenner av og til ein akutt nostalgi, ein slik nostalgi som berre dei små og enkle tinga opnar for, dei mest truskuldige hendingane. Det er minnet om laurdagskveldane som kjem mot meg på ei bølgje av kjærleg varme og uskuld, for å forvisse meg om at barndommen min ikkje kunne ha vore mildare.