FRAMTIDA BAK SEG
Han bestefar ber eit barn
på sin rygg
og humrar så velnøgd
og fegen,
for Veslegut bablar
i glede og frygd
med grågubben skrid
etter vegen.
Då skin det så ljosleitt
ein tanke fram,
og gamlingen gled seg
og ler:
«Det timest kje alle
å bera si framtid
bak seg
som bestafar gjer.»