DU

DU må vere komen til byen!
Eg kan tydeleg sjå det.
Alle hus ligg og smiler til meg.
Dei har forstått at eg elskar deg.

Du må vere komen til byen!
Eg ser det på trea i parken.
Dei står med bivrande lauv,
tar imot kyss frå sol og vind.

Du må vere komen til byen!
Derfor
denne ufattelige glede
frå lyset og lufta
frå seglbåtane i brisen.

Alt er onnorleis i dag.
Det som i går var grånande husrekkjer
er i dag overstrøymt av gull og purpur
frå solnedgangen.

Det som i går var kvardagsmenneske
på veg til bussar og bilar,
er i dag personlegdomar
med indre liv.
Det som i går var trafikk og bråk
er i dag klang frå byens hjarte,
det store som driv alt framover!

Kort sagt: Du må vere komen til byen!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Lisbeth Marie UvaagAstrid Terese Bjorland SkjeggerudVannflaskePiippokattaTore HalsaLinda NyrudKjell PTore OlsenCamillaSiw ThorbjørnsenReidun SvensliAnn ChristinLise MuntheDemeterBerit RAstrid SæverhagenHilde MjelvaConnieBjørn SturødTheaAvaHarald KBeathe Solbergandreas h. o.Ingrid HilmerIngvild STonesen81Hilde Merete GjessingBjørg  FrøysaaHelge-Mikal HartvedtKirsten LundRune U. FurbergLilleviIngunn SCarine OlsrødTralteHanne Kvernmo RyeOleAlice NordliLene Andresen