Ein dag, det er lenge sia no, gjekk eg til bakaren saman med mi vesle dotter. Det var ikkje ofte eg gjekk til bakaren saman med mi vesle dotter. Det var ikkje ofte eg leidde ho, og enda sjeldnare at eg var åleine med ho. Det måtte være søndags morgon, for det var mykje folk hos bakaren, og mange kjøpte jordbærterte eller eggekake med krem. Da vi kom ut, spurde dotter mi om ho kunne få skalken på loffen. Eg nekta. Nei, sa eg, nei, ikkje no. Når vi har sett oss til bords. Vi gjekk heim, og alle serre seg for å ete lunsj. Ein hyggelig liten familie. Det var eg som skar opp brød. Eg ville det. Eg ville jo halde det eg hadde lovd. Men da eg gav skalken til den vesle dotter mi, gav ho den vidare til bror sin.
"Men du sa at du ville ha skalken..."
"Det var i stad eg ville det," svarte ho mens ho bretta ut servietten.
"Men den smaker akkurat det same no," heldt eg på, "det er same..." Ho snudde seg vekk.
"Nei takk."