Fjellet har vore tolmodig lenge. Akseptert elleville påfunn. Sett mennesket miste bakkekontakt. Høyrt oss argumentere, imponere, introdusere, lage masterplan, snakke om Vårherre og evig liv. Synst synd på oss, håpa me skulle rydde opp ein dag. Undra seg over kva det var som dreiv oss, alltid svoltne etter meir. Såg tydeleg at me ikkje passa inn.