Slutt å granska meir no! Aldri fekk me rett til å vita kva
utgang guddomen har laga til deg, laga til meg, så les
ikkje astrologi, komen frå aust! Ta det som kjem med tòl
anten Jupiter gjev vintrar på rad, eller vår siste no
driv Tyrrhenias hav inn mot strand så at det bryt i berg.
Hugs deg, Leuconoë! Sil no din vin; ha ikkje for stor von
stutt som livslaupet er! Medan me her talar vil tida fly
frå oss; grip dagen no! Dagar som kjem? Lit ikkje stort på dei!