HENDENE TIL BESTEFAR

Hendene til bestefar din var brune.
Bestemor di kyste kvar knoke,

ringa inn ei øy i handflata hans
og fortalde han kva område dei skulle dele,
kva delar dei ville la vere i fred.

Ho fukta ein finger for å teikne kvar havet ville vere
på handleddet hans, kyste han der,
kalla havet opp etter seg sjølv.

Hendene til bestefar din var langsame, men innstendige.
Bestemor di drøymde dei,

eit urverk av fingrar som fann stader å eige -
under tunga, kragebeinet, underleppa,
kvelven under foten.

Bestemor di gir fingrane hans namn etter årstidene -
peikefingeren, ei hetebølgje,
langfingeren, regnskur.

Nokre netter er tommelen hans månen,
lagd til kvile rett under ribbeinet hennar.

Besteforeldra dine enda ofte
i mørke rom, der dei kartla
kroppen til kvarandre,

gjorde krav på heile land
med munnen.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Anniken RøilAnne-Stine Ruud HusevågPrunellaKirsten LundRufsetufsaMads Leonard HolvikSissel ElisabethTralteLailaBjørg RistvedtOddvarGMorten MüllerKatiMaiFrisk NordvestEivind  VaksvikMarenPiippokattaCathrine PedersenCarine OlsrødIdaStig TAstrid Terese Bjorland SkjeggerudsomniferumGrete AastorpKjerstiSigrid Blytt TøsdalbrekHilde VrangsagenLiv-Torill AustgulenStein KippersundHarald KReidun GranbergBenedikteLars MæhlumInger-LiseTanteMamieG LIngunn SIna Elisabeth Bøgh VigreTine Sundal