Nei, tapper?

Venner seier til meg: "Du er tapper
som kan vise slik styrke og ro
no når han så nyleg er død." - Nei, tapper?
Det kan berast, det eg gjennomlever no.

Det tyngste er tilbakelagt. Det tyngste
var å måtte sjå korleis han
tok til å miste seg sjølv og gli vekk
inn i eit veglaust og skoddefylt land.

Visst er tomrommet der, og kulden,
og avmaktkjensla framfor stengd port.
Men det kan berast så sant ein kan tru
at for den ein har mist var det godt å gå bort.

Halldis Moren Vesaas

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

sveinBjørg L.littymseKaramasov11WencheLilleviIngunn STone Maria JonassenNicolai Alexander StyveGro-Anita RoenTanteMamieTor-Arne JensenGodeminelillianerAneEllen E. MartolEivind  VaksvikAlice NordliOda Marie HToveHelena EGrete AastorpJarmo LarsenMonica  SkybakmoenPilarisKjerstiTine SundalNora FjelliLinda NyrudKjell F TislevollKaren RamsvikPiippokattaChristofferSynnøve H HoelKirsten LundLailaIreneleserCamillaVannflaskeTrine Lise NormannHeidi