Eg lever fordi det er behagelig å leve. Eg veit kvifor eg lever. Eg lever fordi det gir meg glede. Eg har heilt klart sett at det er behagelig å vere levande, at der er gleder involvert. Om eg er i live, er det fordi eg synest at det er behagelig å leve, såleis har eg bestemt meg for å leve. Livet gir meg ofte gleder. Det finst gode ting her og no medan eg lever. Eg har sett at det ofte er behageleg. Eg har sett det medan eg har levd, livet er ikkje svært ubehageleg og det gir behageleg gleder til den som lever. Det finst fullt av gode ting for heile kroppen. Det er ei stor mengd av dei, altså lever eg. Eg blir verande i live ettersom det gir meg glede. Det er temmeleg behageleg å leve, eg har sett det medan eg i levande live har møtt på rikelig av behagelege ting, eg har levd og eg held fram med å leve fordi eg har sett at å leve ofte gir ein nok av gleder. Altså har eg glede av å leve, altså held eg fram. Slik veit eg kvifor eg framleis er levande det gir meg glede. Livet gir ein ei stor mengd med gleder og eg veit kvifor eg lever, eg lever fordi livet gir meg gleder og fordi det er behageleg. Slik veit eg kvifor eg framleis er i live og eg har bestemt meg for å halde fram med å leve, det er grunnen til at eg er levande, for det er nok av gleder i livet. Det er behageleg, altså lever eg, eg lever så lenge det er behageleg.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Hanne Kvernmo RyeReidun SvensliPiippokattaGladleserBjørn SturødFarfalleVilde Gran JohansenMarianne_Tove Obrestad WøienAnne Berit GrønbechElin FjellheimRune U. FurbergTralteToveHarald KJorund KorbiKirsten LundMartineDemeterIngunn SNorahOddvarGLilleviMarteKristine LouiseRufsetufsaAnette Christin MjøsFindusPrunellasiljehusmorBerit RAkima MontgomeryConnieIreneleserLene MMarianneNCecilieJarmo LarsenAmanda AJB