Avskjed

Dei slitne og krøkte fingrar
har falda seg siste gong
og stilt gjennom huset tonar
din avskjedssong

Varleg og mjukt den sveiper
kvart minne inn
Kjempar mot sorg og tårar
- og vinn.

Trengjar seg ut gjennom veggen,
stryk over steinar og strå.
Stanar ei stund ved heggen
som om det var dit den skull` nå

Men vidare, vidare når den,
stilt gjennom skog, over fjell.
Smeikjer kvart steg du gjekk der
og leitar seg heim mot kveld

Gjennom ein mosegrodd skigard,
over ein vinterstill bekk,
inntil den solsvidde veggen
der bogring og grime hekk

Helsar på alt du kjende.
Takkar og seier farvel
Og alt står vemodig stille
og takkar deg att for stell

Alt står stille og lyer
etter dei siste steg,
stirer mot fjørlette skyer
og hjelper deg trygt på veg

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

DemeterKirsten LundTrude OmaToveDolly DuckAvaRandiAElisabeth SveeJoannHilde H HelsethStine SevilhaugKathinka HoldenTove Obrestad WøienJarmo LarsenAstrid Terese Bjorland SkjeggerudInger-LiseIngunn ØvrebøHilde Merete GjessingritaolineElin FjellheimRufsetufsaTonesen81Synnøve H HoelEivind  VaksvikMarteSverreReadninggirl30FredrikIngunn SJon Torger Hetland SalteVegardSilje BorvikBertyBjørg L.Beathe SolbergLisbeth Kingsrud KvistenIngeborg GVibekePirelliThea