NÅR DAGEN
Når dagen til skyming skifter
eg høyrer ein lystig song.
Eg les mine eigne skrifter
og veit eg har levd ein gong.
Når dagen til skyming skifter,
eg høyrer ein vemodssong.
Eg les mine eigne skrifter
og veit eg skal døy ein gong.