Gamlen stelte seg upp og stod og såg på deim. Der kom Isak Abrahamsen Opgjorden i si fjørprydde vadmålskufte og med eit hovud så urydigt som eit kråkereir; full hadde han vori, og vaska seg hadde han ikkje; bøkane sine hadde han gløymt; «gjeng’e du reint laus du,» sagde Gamlen, «liksom øyken i fjellet, he!» Der kom dei tvo unge herrane Wall og Presler, innstrokne og strake, med flosshattar, lorgnettar, sigarar, spaserstokkar; dei letta fjongt på hatten for «rektor», gjorde eit byks burtyvi pultane og sette seg på sine plassar med dundrande applomb.