Og du ser det gamle vegguret, det som hang heime på garden den gongen du var liten, amerikauret, og du bør kanskje trekke det og stille det, skal vere ei veke, kan gjerne la dette uret gå mens du er her, brukar alltid trekke det når de er her saman, du og ho, og du går for å trekke det og du trekker det, kan vel berre stå på halv fire, gjer ingen ting det, finst inga tid i dette huset likevel, inga slik mekanisk tid du måler i timar og minutt, inga slik tid, her finst berre minner, vemod, mor og far, ein barndom som spring rundt, ut og inn, og du trekker ikkje amerikauret, lar det stå på halv fire.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Synnøve H HoelJBHarald KVariosaAvaMarianne AugustaInger-LiseHelena EAstrid Terese Bjorland SkjeggerudEli HagelundBeate KristinAlice NordliHanne Kvernmo RyeVidar RingstrømTone HKirsten LundNina M. Haugan FinnsonRisRosOgKlagingRuneFrode TangenJohn LarsenTorill RevheimTor Arne DahlPirelliTurid KjendlieIngeborg GHeidi LTorJulie StensethLiljaTanteMamieReadninggirl30Tor-Arne JensenEgil StangelandHilde VrangsagenMarteIngunn SgretemorSol SkipnesThea