Og du ser det gamle vegguret, det som hang heime på garden den gongen du var liten, amerikauret, og du bør kanskje trekke det og stille det, skal vere ei veke, kan gjerne la dette uret gå mens du er her, brukar alltid trekke det når de er her saman, du og ho, og du går for å trekke det og du trekker det, kan vel berre stå på halv fire, gjer ingen ting det, finst inga tid i dette huset likevel, inga slik mekanisk tid du måler i timar og minutt, inga slik tid, her finst berre minner, vemod, mor og far, ein barndom som spring rundt, ut og inn, og du trekker ikkje amerikauret, lar det stå på halv fire.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Solingar hMonica CarlsenSiv ÅrdalLibris50PiippokattaNorahTone SundlandTanteMamieEivind  VaksvikRisRosOgKlagingIngeborg GKirsten LundLailaStig TNils HHegePär J ThorssonKaramasov11Readninggirl30Cathrine PedersenHanne Kvernmo RyeFredriksiljehusmorCecilie EllefsenTove Obrestad WøienAlice NordliReidun SvensliHilde AasnurreBente NogvaEileen BørresenStein KippersundTone HSigrid Blytt TøsdalNinaGro-Anita RoenJohn LarsenLars MæhlumIngvild S