(...) snakka aldri om det, nei, snakka ikkje så mykje, mor di, seier han, er heilt klar i dette, snart er han nitti, og han er heilt klar, minnest heilt klart kva som hendte, den dagen ho blei gravlagt, alt dette styret med presten, ho fekk ikkje eiga grav, var så lita, nokre dagar berre og kunne like gjerne ligge i ei anna grav, ei som var spadd opp og som skulle fyllast dagen etter, det var berre å komme opp med henne, ho kunne få plass i kista til ei gammal enke frå lenger inne i fjorden, brukte gjere det slik, sa presten, barnelik tok ikkje store plassen, gjekk greitt å plassere dei i kister som alt var der når det høvde slik, kunne komme dagen etter, straks dei andre var reist, kunne dei komme med henne, så skulle han ordne dette, sa han, og dei hadde ikkje hatt mot til å nekte, hadde gjort som presten sa, møtte opp dagen etter, berre dei to og det vesle barnet i et teppe, det var så tomt, og presten kom mot dei, ba dei skynde seg, skulle vere fort gjort dette, og gravaren var der, hadde opna kista, stod der nede og tok imot, la ungen nedi og klatra opp, gjekk litt til sides, og presten tok ei spade, kasta jord på lokket og sa det som skulle seiast, ferdig med det, to kalde handtrykk og ferdig med det.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Mads Leonard HolviktuhamreHilde Merete GjessingKirsten LundHarald KLailaReadninggirl30TanteMamieReidun Anette AugustinChristoffer SmedaasBirkaTor-Arne JensenLeseberta_23Aud- HelenTorill RevheimBenedikteHanne Kvernmo RyeChristin SillibakkenTrude JensenLars Johann MiljePiippokattaFride LindsethLisbeth Marie UvaagStig TFindusIngeborg GAkima MontgomeryRoger MartinsenMarteAmanda ABerit B LieKine Selbekk OttersenMcHempettIngunn SVioleta JakobsenAndreas BokleserPi_MesonBenteBerit RTine Sundal