DET GROR STEIN I ÅKRANE VÅRE
Det gror stein i åkrane våre
Nokon har ved ein feil eller på faen strødd steinfrø over åkrane våre
Vi bøyer ryggen og løftar stein, vi bøyer ryggen og løftar stein, vi bøyer
ryggen og løftar stein
Steinen bryr eg ikkje
Steinen lèt seg løfte, lèt seg kaste, lèt seg tippe i ura
Steinen konsentrerer seg om å vere hard
Steinen ber med seg nattefrosten langt inn i den solvarme dagen
Steinen ber med seg solvarmen langt inn i frostnatta