Frå eg var barn har eg heile tida venta på at ein dag skulle samanhengane i verda gå brått og fullkomme opp for meg, om lag som ei rullegardin med stram fjør, og sanninga strøyma over meg med slik klårleik og velde at ho skar meg i augene, lik lyset utanfrå ein klar vintermorgon med snø her oppe i det høge nord.