Karin Boye
Visst gjer det vondt
å møte livet utan panser
og utan våpen. Lufta skjelv
av usynlege spyd.
Som Siegfried var du usårleg
i alt så nær som
eit einaste punkt:
ditt hjarta. Der
fekk du banesår. Bøygd
lik eit dådyr i dødskamp
gjekk du i motvind
song
og forsvann.