PORTANE OPNAR SEG
Eg veit at eg kan eiga alt dette som ligg framfor meg.
Desse gatene som glitrar etter regn

med brusteinar av gull og bronse.
Eg kan famna inn hamna med alle skipa som seglar inn.

Eg kan sjå sjelene som konkyliar samla på svaberga
utover mot den dirrande røde spegelen av sol.

Eg eig byar og hamnar og svaberg og sol, sol, sol.
Glitrande i sjøens bølgjer, i brusteinane og i sjelene.

Eg veit når eg veit det eg veit. Og det eg veit fargar av
på sjela mi og møter meg i spegelen med si ramme av gull.

Det finst morgonar når eg er så stille at eg kan høyra
blåfargen lena seg mot det grøne i eit hav av uendeleg ømheit.

Det kjem ikkje til å verta noko blygt eller varsamt
over den songen som morgonen nynnar over våre liv.

Men stråa er blyge på myra. Og dunet er mjukt og
rundar seg varsamt kring egga som er skjult i mose og mørker.

Det myldrar fram. Frå sidegatene og oppover stranda.
Det myldrar og lever og krælar og kryp og me veit det.

Me eig dette. Men bare så lenge me gir avkall på det.
Bare så lenge me er audmjuke tenarar av lyset.

Lyset som kyssar kvart sekund.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Therese HolmDaffy EnglundVidar RingstrømritaolineAnne-Stine Ruud HusevågRufsetufsaWenchePiippokattaMorten MüllerMads Leonard HolvikHarald KAndreas BurøsomniferumHanne Kvernmo RyeDagfinn JakobsenSynnøve H HoelTor-Arne JensenTheaKirsten LundCarine OlsrødEli HagelundBjørg L.LailaEgil StangelandBertyAgnete M. HafskjoldSilje-Vera Wiik ValeEvaDemeterHeidi LTone Maria JonassenEster SGodemineInger-LisealpakkaBookiacMalinn HjortlandIngunn SAstrid SæverhagenTanteMamie