I grålysninga teiknar steingardane
mjuke linjer kring dei bleike markene
Tippoldefar fann desse steinane
Kvar ein stein festa han auga på
og såg etter former og kantar
søkk og kvelvingar
som kunne høve saman

Stundom stødde han seg
mot den nylødde muren
Han drog handa over panna
Ei stripe jord smelta inn i sveitten
og la seg som ein skugge i andletet

Mose og lav grør over
der dei seige nevane hans
tok tak og lyfta

Stein på stein kransar garden
Eit lysande omriss av tid

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Sist sett

Nicolai Alexander StyveIngebjørgBertyKirsten LundJulie StensethPiippokattaRisRosOgKlagingmarvikkisLilleviSvein Erik Francke-EnersenBjørg L.Ellen E. MartolKaren PatriciaTanteMamieAnniken RøilVannflaskeTine SundalAlice NordliMorten MüllerTove Obrestad WøienStig TNeraMonaBLAstrid Terese Bjorland SkjeggerudHarald KEvaJane Foss HaugenAnne-Stine Ruud HusevågBård StøreBjørn SturødAlexandra Maria Gressum-KemppiKaramasov11Vigdis VoldKareteRonnyYvonne JohannesenNora FjelliDemeterAneIngeborg G