Herdast

Nye skor kan gje føtene gnagsår.
Det tyder ikkje naudsynlegvis
at dei var eit dårleg kjøp.

Gjer det vondt etter fyrste vandringa,
gje deg ut på ei andre.
Kjem du heim att med nye smerter,
legg i veg ein tridje gong.

Skorne formar seg etter føtene.
Føtene gjev etter for skorne.
Tærne bøyer seg,
skolane tøyer seg,
huda på hælane hardnar.

Tilhøvet mjuknar og blir jambyrdig –
Blir ei enkel, heilstøypt sanning
på veg ut i verda.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Sist sett

Mads Leonard HolvikMcHempettTine SundalFrode TangenBjørg Marit TinholtKirsten LundPiippokattaHarald KDemeterKristineAnette SAnette Christin MjøsVigdis VoldTanteMamieNorahVannflaskeIngvild SJohn LarsenAneedgeofawordEgil StangelandInger-LiseAstrid Terese Bjorland SkjeggerudEster SBeate KristinMalinn HjortlandLinda NyrudAndreaPirelliEivind  VaksvikHilde H HelsethTurid KjendlieMarit HøvdeTone HmarvikkissomniferumLene AndresenHelge-Mikal HartvedtElinBeHanne