Kvifor ser du så sur ut? Det er ein mann som spør, han går nedover gata og Maria går oppover, Maria ser vekk, ho lèt som om ho ikkje høyrer. Det er ikkje sikkert at spørsmålet er til henne. Men mannen stirer på henne og spør igjen: Er det fordi du ikkje er vakker?