FRI

Um natti still ved sengjekrå

Veslemøy ser eit kvende stå

i lange, myrke klæde.

Hjå henne ser ho syster si

fager, ljos og ålvorsblid

med smil av heilag glede.

Ho kved so lint eit kvæde:

"Statt upp, statt upp, du syster kjær

No er du løyst til betre ferd.

Høyr helgeklokka klingar!

Frå alle troll du laus deg vann.

Og i di sorg du sjølv du fann.

No upp mot høgre ringar

din styrke hug seg tvingar.

Kom, fylg oss på din nye veg,

som upp or myrkheim fører deg

til ljos og klåre dagar !

Den stig er bratt, den veg er lang.

Men ingin angrar denne gang.

Um trøytt du stundom klagar,

til sist seg allting lagar.

Her ser du visdoms volve stå.

Ho vil deg gjeva djupt å sjå

og store røynslur herde.

Ho ber deg gjennom helheims gov;

der skal du skimte livsens lov

og gjennom redsle lære

det verk, som vert di ære"

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Alice NordliLars Johann MiljeIngeborgChristofferHilde Merete GjessingTor Arne DahlIngunnAnne-Stine Ruud HusevågIngunnJDiddiHanne Kvernmo RyeIngeborg GCecilie EllefsenTone HHarald KLinda PaulsenNils PharoKirsten LundTorill RevheimHeleneÅsmund ÅdnøyHenrik  Holtvedt AndersenritaolineToveLinda NyrudBirkaPiippokattaNicolai Alexander StyveLailaBjørn BakkenBård StøresiljehusmorAkima MontgomeryBeathe SolbergKjerstiEster STorAmanda ALilleviFrisk Nordvest