MÅNEN

ligg og skal sove, men
i lyset frå grua ser eg røyken
som stig opp i ljoren og ut, og langt
oppe i det mørke er det noko så kvitt og
blankt, kva er det eg ser i himmelsynet, seier
eg, å, det er månen, seier far, tek meg på armen
og slår kvitelen kring meg, ber meg ut stovedøra og
ytste døra og så ut i den kitlande, kaldklare natta, ved
den store bjørka snur me, far peikar opp i det blåsvarte
og seier sjå månen, endre, han har alltid vore der og skal
alltid vere der, er det ikkje fint, jau, seier eg, og i dagane
som kjem, skal eg ofte spørje etter månen, og far min og
eg skal gå ut på trappa, stundom kan me skimte noko
bak skodde og regn, stundom kan me sjå han som
ein sigd oppe på himmelen, men mykje av tida
er han ikkje å sjå, og far seier at han gøymer
seg nok, gjer som han vil, er heldig slik
og sidan skal dette vere det første
eg hugsar

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Anne-Stine Ruud HusevågMarenHilde H HelsethBård StøreDemeterPiippokattaIreneleserLilleviHarald KAnitaKirsten LundNicolai Alexander StyveLesevimsaNinaEivind  VaksvikBritt ElinEgil StangelandAlice NordliPer Åge SerigstadsiljehusmorLene Nordahlingar hTone Maria JonassenSigrid Blytt TøsdalLars Johann MiljeAnita NessBeathe SolbergBerit RAnn ChristinSynnøve H HoelCamillaMarit AamdallittymseIngebjørgDaffy EnglundFiolIngeborg GElisabeth SveeHeidiEirin Eftevand