Sæle er me, som slepp aa døme.
Domar kann berre ein vera: den allvitande. Alt maa den sjaa og skyna, som skal felle ein rettvis Dom.
Me andre hev æveleg nok med aa døme kvar seg. Det skynar me dess betre, di meir me lærer.
...
Lat oss takke Gud, at me slepp aa døme!