-- Ikkje meir enn seks barn! sa ho, og no merka han at det var fortviling i stemma hennar.
-- Det vil tida vise, sa Eilert.
-- Vil du vite korleis det er med mor? ropte ho.
-- Eg vil gjerne vite korleis alle i familien din har det, sa han.
-- Mor både skit og pissar på seg, fordi ho har sett tolv barn til verda.