40

at
mor mi vaska huset kvar dag

det kunne verka som om ho
gjorde det for å sleppa tenkja på det ho
ikkje ville tenkja på
at ho prøvde å skura vekk flekkane
som hadde festa seg til livet

som liten gut sovna eg til
støvsugaren sin klagesong i etasjen under
eller ulven i heimen som bror min kalla dyret
det som trufast fylgte etter mor mi
overalt i huset

til slutt sa far min
me kan ikkje ha det slik lenger
snart kastar eg inn handkledet

ikkje på golvet
svarte mor mi
og vaska han ut av huset

eg vil berre at du skal vita det

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Therese HolmEgil StangelandMads Leonard HolvikBård StøreKirsten LundHilde H HelsethEster STor Arne DahlsveinTine SundalEirin EftevandDinaAnn Helen ETanteMamiePiippokattaIngunn SEivind  VaksvikOddvarGLilleviTotoromarvikkisSigrid Blytt TøsdalIreneleserJulie StensethVibekeSynnøve H HoelHeidiPer LundTurid KjendlieMariannelittymseAnne Berit GrønbechHanneMcHempettIngvild SAlice NordliNorahChristofferBeathe SolbergBea