MORGONEN

Eg ville sjå
når morgonen vart til.
Eg la meg ved ei myrtjørn
og venta
med grankvisteld og fiskestong,
og eg såg kvelden
sløkte dagen
bortover moane
som når du skrur ned
ein brennande lampeveike.

Eg såg natta
som eit røyksvart glas,
og morgonen kom
som når far
i min tidlege ungdom
gnei lampeglaset
med ein sotsvart finger,
før han skrudde opp veiken.

Slik vart morgonen til.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Elin FjellheimMarianne  SkageGrete AmundsenNorahToveJohn LarsenHelge-Mikal HartvedtTraltePiippokattaKjell F TislevollLailaReidun SvensliReadninggirl30Cathrine PedersenBeathe SolbergKirsten LundDemeterChristofferMonica CarlsenRisRosOgKlagingLars MæhlumHilde H HelsethBård StøreAnne Berit GrønbechMarteSynnøve H HoelLisbeth Marie UvaagrubbelLinda NyrudSolBjørn SturødAlice NordliGro-Anita RoenTore HalsaAleksanderAnniken RøilPer LundAkima MontgomerySigrid NygaardJørgen N