Eg følte meg som ein minoritet i minoriteten: eg var den jenta som ikkje klarte å spele den rolla ho var tildelt, skodespelet halta på grunn av meg. Ikkje høyrde eg til der dei andre trudde eg høyrdw til, og ikkje kunne eg det dei andre trudde eg kunne. Korleis kunne eg vite noko om hijabtvang eller politisk islam når det aldri hadde vore aktuelt for meg eller andre jenter eg kjende?