Det er noko som skjer med mange forfattarar, truleg med dei fleste. Dei sprett fram, gjer seg gjeldande, viser oss noko rart, noko vi ikkje hadde sett før, viser oss noko endå rarare - og så går åra, og forfattarane bestemmer seg for at no får det vere på tide å slutte med desse ungdomsfaktene og begynne å lage litteratur. Skikkeleg litteratur. Og dei begynner å oppføre seg som forfattarar og uttale seg som slike.